For dei som ikkje veit det. Worms er eit spel der du styrer eit lag med hypervoldlege makkar,
som gjer alt for å blåse alle dei andre makkane ut av skjermen, ned i vatnet, eller berre drepe dei
Tips:
Dynamitt er bra til å sprenge mang makkar samtidig.
Bruk miner for å lage små eksplosjonar. Bruk dette til f.eks å sprenge vekk grunen under ein makk.
Shotgun er bra å bruke dersom du skal skyte ei mine på ein makk.
For å komme over ein kant må du bruke ninjarope og få farten så stor at du er over kanten. Når du er over kanten drar du fort inn tauet og slepp.
Saml masse kassar med våpen. Desse er nyttige.
Aldri bruk airstrike, dersom det ikkje er samla tre makkar eller meir.
Dragonbal er fin å skubbe makkar langt med.
Ha ein makk du kan bruke til å rydde miner med.
Ikkje stå heilt ute på kanten med ein makk.
Prøv å la vere å samle laget ditt på ein plass.
Spar teleporten til den virkeleg trengst.
Våpna
Basoka
Basoka er eit bra våpen for å sprenge vekk makkar og fjell. Ein makk kan miste 50p. på eit skot.
Homing Missile
Homing Missile må du spare til slutten av spelet. Bruk denne berre viss du står langt unna makken du skal skyte. Ein makk kan miste 50p. på eit skot.
Grenade
Grenade er fin å sprenge vekk grunnen under makkar med. Ein makk kan miste 50p. på eit skot.
Cluster bomb
Cluster bomb virkar likt som ein granat. Men den spreiar seg i fem skot når den eksploderar. Ein makk kan miste 250p. på eit skot.
Shotgun
Shotgun er det einaste av våpna du kan skyte to skot med. Fin til å skyte makkar ut i sjøen med og til å sprenge vekk fjell med. Ein makk kan miste 25p, på eit skot. (Det er to skot i.)
Uzi
Uzi er fin å dytte fleire makkar ut i vatnet med. Den er lett å skyte seg sjølv med. Ein makk kan miste 50p. på ein serie med skot.
Fire Punch
Fire punch kan kun brukast til å slå makkar ut av brettet eller ned i vatnet. Du kan stå under å slå opp i ein makk. Ein makk kan miste 30p. på eit slag.
Dragon Ball
Dragon Ball brukast til det same som Fire Punch. Men med Dragon Ball fer makken meir framover. Ein makk kan miste 30p. på eit slag.
Dynamitt
Dynamitt er det beste våpnet på spelet. Makkar flyr langt når dei vert skotne med dynamitt. Ein makk kan miste 75.p på eit smell.
Mine
Mine virkar likt som dynamitt, den er berre litt svakare. Ein makk kan miste 50p. på eit smell.
Airstrike
Airstrike sender ut 7 bombar frå himmelen. Dette våpnet er fint å bruke viss mange makkar er samla. Ein makk kan miste 25p. ved eit treff.
Teleport
Dette er ikkje eit våpen. Den berre flytar ein makk på brettet. Ikkje bruk dett før det er nødvendig.
Kodar:
Skriv BAABAA for å få ubegrensa med Bananabomb, Sau, og Minigun.
Skriv AABAAB for å skru den av
For å ikkje bruke opp ein bananabomb eller sau. Skriv AABAAB mens du skyt bomba/sauen.
Landskap:
For å få fram eit landskap må du trykke på "space", så skriv du inn talet eller bokstavane for landskapet.
ABABABABABA - Skog. Eit hol ned til vatnet mitt i.
327889 -Mars landskap. Stor høgdeforskjell.
764294160 -Stort hol midt i ein granskog.
5552746495 -Månelandskap med eit lite hol i midten.
320937094 -Ei lita granskog øy.
047343555 -Skog. Bra landskap.
345 -Spinkelt fjell.
6556U -Stort stup. Masse vatn.
36205 -Mars landskap med ei stor bru.
Send gjerne inn numeret på ditt favoritlandskap med ein beskrivning.